Valg 2019 – Vurdering av partiprogrammene

Kommunestyrevalet nærmar seg, og vi har sett på korleis dei lokale partiprogrammene tar for seg sakane som vi i Noregs Handikapforbund Oslo har hatt fokus på. Ved valet i år har vi løfta fram desse fire tema: universelt utforma skule, brukarstyrt personleg assistanse, HC-parkering og universelt utforma kollektivtransport. Under finn du eit diagram som viser kor nøgde vi er med programma til partia, og så ein meir nøye gjennomgang med kommentarar.

Hugs at du kan førehandsstemme fram til 6. september, og at alle førehandsstemmelokala er universelt utforma. Sjå meir om tilgjengelegheit her. Godt val!

Skildring av biletet: eit diagram som viser ulike smilefjes ut ifrå kor nøgde vi er med programma.

 

Forkortingar

UU – universell utforming

BPA – brukarstyrt personleg assistanse

HC-parkering – parkeringsplassar for forflytningshemmede med HC-kort

 

Gradering av poengsummar på kvar sak

0: Står ingenting i programmet

1: Ikkje bra nok

2: OK

3: Bra

4: Veldig bra!

Partia er rangerte frå lågest til høgest samanlagt poengsum av 16 moglege poeng.

 

Miljøpartiet De Grønne Oslo

Skule: 2

Grunngjeving: Slår fast at alle ny kommunale bygg skal vere UU, men nemner ikkje skular spesifikt og seier ingenting om ei styrking.

BPA: 3

Grunngjeving: Forstår BPA som likestillingsverktøy, og vil utvide ordninga slik at fleire kan få det. Seier ingenting om å sikre tilstrekkelege BPA-vedtak.

HC-parkering: 0

Grunngjeving: Seier ingenting.

Kollektivtransport: 3

Grunngjeving: Slår fast at det skal vere enkelt å bruke kollektivtransport om ein er funksjonshemma, men fortel ikkje korleis det skal skje.

Totalt 8/16 poeng

 

Oslo Arbeiderparti

Skule: 3

Grunngjeving: Meiner at nærskulen bør vere eit reelt alternativ for funksjonshemma elevar, men seier ikkje noko om korleis det skal oppnåast.

BPA: 3

Grunngjeving: Slår fast at alle som har rett til BPA skal kunne leve eit sjølvstendig liv og delta i samfunnet. Seier ingenting om styrking av ordninga.

HC-parkering: 3

Grunngjeving: Vil sikre god dekning av HC-plassar i byen.

Kollektivtransport: 3

Grunngjeving: Vil følgje opp Sporveien i arbeidet med UU av i kollektivtilbodet. Seier ingenting om pengar til føremålet.

Totalt 12/16 poeng

 

Senterpartiet Oslo

Skule: 4

Grunngjeving: Ynskjer ei satsing på UU av skulen. Bruker ordet «opptrapping».

BPA: 0

Grunngjeving: Seier ingenting om dette.

HC-parkering: 3

Grunngjeving: Ynskjer HC-plassar i heile byen, òg innanfor ring 1.

Kollektivtransport: 3

Grunngjeving: Ynskjer ei satsing på UU i kollektrivtrafikken.

Totalt 10/16 poeng

 

Kristelig Folkeparti Oslo

Skule: 4

Grunngjeving: Alle skular skal vere universelt utforma innan 2025.

BPA: 3

Grunngjeving: Sikre at BPA-vedtak ikkje blir svekka ved flytting på tvers av bydelar. Sikre fritt brukarval.

HC-parkering: 0

Grunngjeving: Seier ingenting om dette.

Kollektivtransport: 3

Grunngjeving: Vil realisere Oslo bystyres plan om UU og setje krav om UU i alle veg- og kollektivprosjekt.

Totalt 10/16 poeng

 

Oslo Høyre

Skule: 0

Grunngjeving: Seier ingenting om universell utforming av skule.

BPA: 4

Grunngjeving: Vil rette opp i ulik handsaming i bydelane. Forstår ordninga som likestillingsverktøy.

HC-parkering: 4

Grunngjeving: Vil auke talet på HC-plassar i takt med auka behov.

Kollektivtransport: 2

Grunngjeving: Vil sikre UU ved bygging av ny infrastruktur, altså ikkje forbetre det eksisterande.

Totalt 10/16 poeng

 

Oslo Fremskrittsparti

Skule: 2

Grunngjeving: Vil tilpasse skulane til funksjonshemme elevar. Nemner ikkje UU og er for individuelt orientert.

BPA: 2

Grunngjeving: Seier berre at funksjonshemma sjølv vel assistentane sine.

HC-parkering: 3

Grunngjeving: Ynskjer tilstrekkeleg tal HC-plassar og ynskjer app for HC-parkering.

Kollektivtransport: 3

Grunngjeving: Ynskjer UU ved nyetablering og rehabilitering.

Totalt 10/16 poeng

 

Oslo Venstre

Skule: 0

Grunngjeving: Seier ingenting om universell utforming av skule.

BPA: 3

Grunngjeving: Ynskjer ei styrking av ordninga, men seier ikkje på kva måte.

HC-parkering: 4

Grunngjeving: Vil etablere fleire HC-plassar, og gi midlertidige HC-kort til dei som treng det. Vil tillate køyring i kollektivfelt i sentrum.

Kollektivtransport: 4

Grunngjeving: Vil sikre at alle kan bruke kollektivtransporten, både transportmiddel og haldeplassar.

Totalt  11/16 poeng

 

Raudt Oslo

Skule: 3

Grunngjeving: Slår fast at skular må vere tilgjengeleg for elevar med funksjonsnedsetjingar, men lovar ikkje innsats for utbetring til UU utover ved rehabilitering.

BPA: 3

Grunngjeving: Slår fast at den einskilde si oppfatning av behov skal leggast til grunn ved behandling av søknad. Ordninga skal praktiserast likt i alle bydelane. Raudt vil sikre finansiering.

HC-parkering: 4

Grunngjeving: Ynskjer langt fleire plassar, presiserer i sentrum. Trekk fram samarbeid mellom kommune og organisasjonar når det kjem til tal og plassering.

Kollektivtransport: 4

Grunngjeving: slår fast at all kollektivtransport og alle haldeplassar i Oslo skal vere universelt utforma.

Totalt 14/16 poeng

 

Sosialistisk Venstreparti Oslo

Skule: 4

Grunngjeving: Slår fast at alle skulebygningar og tilhøyrande uteareal skal vere UU.

BPA: 4

Grunngjeving: Nemner intensjon med lova, det å kunne reise ut av kommunen, at det må gis nok timar til å leve eit sjølvstendig liv og at ein må styrke ordninga som verktøy for likestilling.

HC-parkering: 3

Grunngjeving: Vil prioritere P-plassar for funksjonshemma.

Kollektivtransport: 4

Grunngjeving: Slår fast at kollektivtilbodet skal vere UU, nemner ein ambisiøs plan for T-banenettet. Men har eit atterhaldt med formuleringa «eit godt tilgjenge av haldeplassar». Dvs at ikkje alle haldeplassar skal vere UU.

Totalt 15/16 poeng

 

Tekst: Kristofer Olai Ravn Stavseng, NHF Oslo

Bilete: Valgdirektoratet

Skildring av biletet: Ein valgurne med to mennesker i bakgrunnen