Eit skoleløp for alle?

Det har vore eit tøft år i byen vår, og det er ikkje vanskeleg å forstå at det blir visse kutt i budsjettforslaget for 2021. Men som så ofte er tilfellet i krisetider, så ser vi at funksjonshemma personer som gruppe vert ekstra hardt ramma av kutt. Særleg gjeld dette midla til universell utforming av skolane i Oslo.

Tekst: Magnhild Sørbotten, leiar i Norges Handikapforbund Oslo

Vi er alle einige om at skule og utdanning er svært viktig for både den enkelte og for arbeidsdeltakinga. Derfor er man med rette bekymra over dei som ikkje fullfører vidaregåande skole – og viljen til tiltak for å gjere noko med det er sterk. Dette er kva vi ser når det gjeld fråfall frå vidaregåande: I 2018 var det 14,4% av befolkninga mellom 17 og 26 år som ikkje var under vidaregåande utdanning, eller hadde fullført vidaregåande. Blant funksjonshemma unge er fråfallet på 64% (2013). Kvifor er fråfallet så høyt, og kvifor godtar vi denne ulikskapen?

Det høye fråfallet knytes ofte til segregering av funksjonshemma på skolen, og det påfølgande tapet av faglig utbytte og sosialt nettverk. Nokre fakta:

  • En bok frå 2016 viser at kun 3 av 10 funksjonshemma vidaregåandeelever i Noreg er i ein ordinær klasse i slutten av skulegangen
  • …og i det same studiet hadde 85% av de funksjonshemma fått uføretrygd før fylte 19 år (Christian Wendelborg og Jan Tøssebro: “Oppvekst med funksjonshemming – Familie, livsløp og overganger”).
  • Ifølge ein nasjonal kartlegging frå 2013 var kun 2 av 10 skoler tilgjengeligefor alle elever (International Research Institute of Stavanger)
  • 3 av 4 elever med spesialundervisning får dette utanfor ordinær klasse (Bufdirs levekårsstatus for funksjonshemmede).

Vi er alle einige om at det er viktig at flest muleg deltar i arbeidslivet. Den siste målinga frå 2020 viser at 73,4% er i arbeid i befolkninga generelt, men blant personer med funksjonsnedsettelse er det kun 40,6%.

Alle barn har rett til å gå på sin lokale skule. Det har byrådet slått fast i byrådplattforma og det er slått fast i opplæringslova. Ein viktig grunn til at dei likevel ikkje får det er mangelen på universell utforming. Barn som blir tatt ut av den ordinære skulen eller klassen mister ei verdifull muligheit til å delta i undervisninga samen med sine jamnaldrande. Dette lærer dei funksjonshemma barna at dei er annleis og utanfor. Det lærer dei andre barna at dei funksjonshemma barna er annleis og utanfor. Det er lærdom og erfaringar begge grupper tar med seg vidare – når dei som vaksne skal søke jobb og når dei skal ansette nokon. Det er alvorleg.

Heller ikkje funksjonshemma foreldre får muligheiter til å delta i skolens aktiviteter samen med barna sine. Skolane brukas også som kulturarenaer og vallokale. Når skular ikkje er tilgjengelege mister funksjonshemma muligheita til å delta på en av samfunnets viktigaste arenaer.

I budsjettvedtaket for 2020, altså etter budsjettforhandlingane i fjor, var det avsett 60 millionar på posten tilgjengelegheitsmidlar til kommunale bygg og 40 millionar på posten UU-midlar skole. I år er posten UU-midlar skole borte frå budsjettet, og posten tilgjengelegheitsmidlar redusert frå 60 til 34,6 millionar, det vil si eit kutt berre frå desse to postane på 65 millionar. Dette er eit alvorleg signal frå byrådet om aksept av utestenging. Det er eit alvorleg signal å sende til byens funksjonshemma unge.

I 2014 vedtok Byrådet at Oslos skoler skulle være universelt utformede innan 2025. FNs bærekraftmål og funksjonshemmakonvensjonen påpeiker begge viktigheita av tilgjengelege skolar. I Undervisningsbyggs tilstandskartlegging av status for universell utforming av bygg og uteoppholdsarealer på samtlege Oslo-skoler (2016) kom det fram at dette krevde 23 500 tiltak til en prislapp på 773 millioner. I 2016 mangla 542 millionar for å få dette til (en årlig mangel på 60 millionar fram til 2025).

Derfor ber vi om samme bevilling for 2021 som for 2020, ein påplussing på 65 millionar til offentlege bygg og skolar.

 

Se også:

Universell utforming av grunnskolene lønner seg: Veikart – Universelt utformet nærskole 2030 (Bufdir, 2018)

NHF Oslos temamøte om Frafall i videregående skole

 

Bilde: Jon Tyson, Unsplash

Bildebeskrivelse: Noen har malt et hvitt paradis på asfalten, et slik som barn kan hoppe på i skolegården. På det første feltet står det «start», og så går tallene fra 1 til 10. Det er om å gjøre å kaste en stein og så hoppe på ett bein fra 1 til 10 uten å falle.