Hvem fortjener HC-kort?

Denne saka provoserer meg kraftig: Bymiljøetaten i Oslo kommune meiner Gry Hege Henriksen, som har amputert både armar og bein, ikkje treng Handikapparkeringskort. Sjøl om ho treng å åpne døra fullstendig når ho skal ut og inn av bilen, treng ho, ifølge etaten, ikkje tilgang til dei breie HC-parlkeringsplassane. I staden ber Bymiljøetaten henne om å kjøre rundt til ho finn tilsvarande butikk/ stad, med fleire ledige vanlege parkeringsplassar. Eg trudde Bymiljøetaten var opptatt av minst mulig bilkjøring, men der tok eg vist feil. (Her kan du lese om saken hos VG.)

Tekst: Magnhild Sørbotten, regionleder i NHF Oslo

Bymiljøetaten ber Gry Hege oppsøke butikkar og stader på tidspunkt der det er mindre kamp om parkeringsplassane. Meiner dei på ramme alvor at ho skal ta fri frå jobb på formiddagen for å handle m.m., for at dei skal slippe å tildele henne HC-kort? Er det å stikke ut i arbeidstida for å gjere ærend noko dei applauderer generelt, eller gjeld det berre bevegelseshemma?

Eg er verkeleg lei av etatar, busselskap, flyselskap, jernbaneselskap, elsparkesykkelutleigarar mm, som utan å blunke ber funksjonshemma om å akseptere å bli tilsidesatt, vente, eller bruke lenger tid. Det er på høg tid at dei alle, inkludert Bymiljøetaten, innser at mennesker med nedsatt funksjonsevne er likeverdige mennesker. Vi har liv som skal levast, på lik linje med andre.

Avslutningsvis er det fristande å spørre: om Gry Hege skal på foreldremøte og alle ordinære parkeringsplassar ved skolen er opptatt, skal ho då kjøre rundt og leite etter ein annan skole med ledige parkeringsplassar, eller skal ho heller komme tilbake til barnas skole når parkeringsplassen er mindre full? Det er faktisk det prinsippet Bymiljøetaten ber henne følge.

Her finner du saken hos nrk.no.