Utdeling av St. Hallvard-medaljen

St. Hallvard-medaljen har blitt utdelt til Magnhild Sørbotten, regionleder for Norges Handikapforbund Oslo, og Aashild Korsgaard, rettighetsaktivist. Medaljen er Oslo bys høyeste utmerkelse, og vi er veldig stolte!

Foto: Sturlason/Oslo kommune

Her kan du se utdelingen, og her kan du lese Magnhild Sørbottens takketale:

«Det er ei ære å få St Halvard. Ei stor takk til forretningsutvalget som fann meg verdig til medaljen. Eg veit jo at medaljen berre blir utdelt når utvalget er heilt einige. Sjøl ville eg ha trudd at eg hadde vore klar og tydeleg nok til at minst ein person ville stemt nei.   

Eg veit at prisen er personleg. Likevel deler eg denne medaljen med mange aktivistar og tilsette i Handikapforbundet. Når Handikapforbundet er synlege og får gjennomslag, er vi mange som trekk i same retning. Så er det er mange av dei som kjenner  at denne medaljen betyr at kampen for at funksjonshemma /funkisar skal kunne delta, er sett og anerkjent som viktig – at dei sjøl er sett. Det er kanskje viktigare enn forretningsutvalget tenkte.  

For meg er det også ei stor ære å få medaljen saman med Aashild Korsgaard. Det eg kan  om bustadar for mennesker med utviklingshemming har eg stort sett lært av Aashild og hennar avdøde mann, Harald. Det arbeidet dei har lagt ned er det grunn til å bøye seg i støvet for. 

Så har eg også lyst til å takke familien min – dei som no må leve med engasjementet mitt, og som av og til synest det blir litt vel mykje, men som og gir gode råd – og den delen av familien som har gitt meg ballast til å bli eit engasjert menneske. 

Eg kom som student til Oslo på midten av 80-talet – og blei verande. Eit av mine sterke Oslo-inntrykk fekk eg det første året. Ein sein vinterkveld tok eg nattoget til Bergen. På vegen ut frå Østbanen sto eg i korridoren utanfor sovekupen og såg deler av natt-Oslo passere forbi. Med den gamle togtraseen var det slett ikkje byens mest prangande bygg vi passerte. Likevel: Eg hadde ei sterk kjensle av at dette – Oslo – det er min by! 

Eg vil for alltid omtale meg sjøl som vestlending og sunnfjording. Likevel er det Oslo som er min by.  Vi er mange som har det slik, uavhengig av om vi kjem frå Alta, Trondheim, Sunnfjord, Setesdalen, Lillehammer, Karachi, eller Bjølsen. Oslo er vår by!  

Men er den det for alle? Gjennom engasjementet mitt i Handikapforbundet treff eg stadig folk som gjerne skulle hatt Oslo som sin by, men som kjenner at Oslo ikkje er interessert i det same. ”Byen med det store hjertet har et hjerte kaldt som is”, skreiv Lillebjørn Nilsen. For nokon er det slik. For alt for mange Osloborgarar med nedsatt funksjonsevne er det slik. For den ressurssterke og funksjonshemma unge kvinna som søker brukerstyrt personleg assistanse – og opplever at bydelen meiner det er bedre at ho blir lagt inn på helsehus. For den godt vaksne bevegelseshemma kvinna som gråtande fortel meg kor vanskeleg det er å få besøkt broren når det ikkje lenger ligg HC-parkeringsplassar nær der han bur. For den unge mannen som stadig opplevde å bli nekta på bussen – fordi han brukar rullestol. For barna som ikkje fikk den spesialpedagogiske hjelpa dei hadde krav på, fordi skulen ikkje hadde nok pengar. Alt saman skapar utenforskap og passivisering. samtidig er det sløsing med menneskelege ressursar. Ressursar som kunne bidratt i samfunnet.  

Eg og vi i NHF ønsker oss eit Oslo der det er plass til alle, der folk får bidratt med det dei kan. Ein by der det grønne skiftet ikkje blir brukt til å stenge ute, men til å skape ein bedre by for alle. 

Eg ønsker meg eit Oslo der alle borgarar kjenner at; Oslo – det er min by!»

 

Under følger 3 bilder fra utdelingen! Foto: Sturlason/Oslo kommune

Vi ser ordfører Marianne Borgen med Magnhild Sørbotten, begge smilende i bunad. Borgen står mens Sørbotten sitter i rullestol.

 

Vi ser ordfører Marianne Borgen med Aashild Korsgaard, begge smilende. Borgen har bunad, Korsgaard har medaljen på brystet.

 

Vi ser Aashild Korsgaard, Ann-Marit Sæbønes og Magnhild Sørbotten. Korsgaard og Sørbotten sitter i forgrunnen mens Sæbønes står bak dem. Korsgaard har på seg mørk blazer, Sæbønes har på seg grå blazer og Sørbotten har på seg bunad.